BARONIET ROSENDAL SLOTT & HAVE

Fra NOK 149

Leirvik - Rosendal - Leirvik.

På turen med buss og båt gjennom kystlandskapet Sunnhordland får du oppleve eit mangfald som er vanskeleg å beskriva.

Turen gjev deg sanseopplevingar for auge, lukt, sinn og skinn. Geologien endrar seg frå det opne  øylandskapet, til trangare fjordar og høge majestetiske fjell.

Målet for turen, Rosendal, gjev deg mogelegheit til å oppleve natur som omkransar  det vakre Baroniet, eit av Nordens minste slott. Baroniet har ein vakker rosehage for rekreasjon og hygge.

Sommarsesongen byr på flotte konsertar og andre kulturarrangement i og rundt Baroniet.

Du kan velje mellom dagstur tur-retur Rosendal (måndag – laurdag) eller einvegstur (alle dagar). Du må sjølv ordne med ev. overnatting.


Avgang frå: Leirvik båtkai


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Fra NOK 149

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF