BESØK HISTORISKE HALSNØY KLOSTER

Fra NOK 220

Leirvik – Halsnøy – Leirvik.

På øya Halsnøy, i kystperleriket Sunnhordland,  ligg ruinane etter eit Augustinerkloster bygd kring 1300. Eit kloster med drift som kan sporast attende heilt til 1100-talet.

Ein båttur frå Leirvik mellom holmar og skjer tek deg til Ranavik der du bytter til buss vidare til Halsnøy kloster.

Merk! På søndagar går det ikkje buss frå Ranavik til Halsnøy kloster. Då må du gå den frå Ranavik kai til klosteret. Turen er ca. 2 km (ca. 30 minutt).

Halsnøy Kloster er i dag eit av fleire historiske tun i Sunnhordland museum sine samlingar og blir drifta som eigen avdeling - som museum og ein aktiv kulturarena. Gjennom heile året finn du små og store tilskipingar som omvisingar, utstillingar, føredrag, konsertar og den årlege «klosterdagen» med rikt program for store og små. Museet har eigne undervisningsopplegg for skulane.

Klosteret er godkjend som vigslingsstad, og blir brukt både av Den norske kyrkja og Human-etisk forbund. Ein nydeleg stad for ei vigsle!

Det er ope på klosteret tysdag, onsdag og torsdag, året rundt, med utvida opningstider i sommarsesongen. Sjekk nettsida deira for informasjon: http://www.halsnoykloster.no

Når klosteret ikkje er opent, går det fint å vandre rundt på eiga hand. Ver merksam på at det då ikkje er tilgang til toalett eller mogelegheiter for å kjøpe noko å spise. (Det er toalett på ferjekaia i Ranavik.)


Avgang frå: Leirvik båtkai

Det er ulike prisar måndag - laurdag og søndag pga. ulike reiseruter.


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.
 

Fra NOK 220

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF