GOURMET-TUR TIL BEKKJARVIK

Fra NOK 377

Leirvik - (Hufthamar) - Bekkjarvik - Leirvik.

Båtturen frå Leirvik til Bekkjarvik er ei reise i kystlandskapet Sunnhordland. Reisa går langs storslått natur med lukta av sjø til du stig av båten i Bekkjarvik.
Der ligg Bekkjarvik Gjestgiveri som ei perle og tek i mot deg. Bekkjarvik Gjestgiveri er kjent for sitt gode kjøkken som er basert på ferske og lokale råvarer. Kokkane Ørjan og Arnt Johannessen har høysta heider og ære for sine prestasjonar i kokkeyrket. Ørjan med sitt gull i Bocuse d´Or Lyon 2015 og Arnt med den høgste anerkjenning i Norges Kokkmesteres Landsforening, “Årets Kjøkkensjef”, i 2014.
På Bekkjarvik Gjestgiveri vil du oppleva eit måltid du aldri kjem gløyma. Vertskapet tek seg av deg og viser deg fine turstiar med storslått utsikt viss du vil gå ein tur etter måltidet.

Avgang frå: Leirvik båtkai

Merk! Ved nokre returar må du tinge båten ved å ringe 916 81 273 eller 916 81 239 minst 20 minutt før avgang. Sjå tabellen nedanfor.

Det er ulike prisar måndag - fredag og søndag pga. ulike reiseruter.

Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Fra NOK 377

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF