ETTERMIDDAGSTUR TIL ULVIK

Fra NOK 134

Eidfjord - Ulvik - Granvin - Eidfjord.

Bli med på ein tur som tek deg til den vakre nabobygda Ulvik. Opplev frukt- og siderruta, besøk Olav H. Hauge-senteret, eller berre nyt stemninga nede ved fjorden før du tek bussen tilbake til Eidfjord, via Granvin og Hardangerbrua.

Ulvik ligg inst i kanten av Hardangerfjorden, mellom høge fjell og snødekte toppar. Her finn du Noreg si einaste frukt- og siderrute med tre sjølvstendige gardsbedrifter som tilbyr både eigenprodusert eplesider og andre velsmakande gardsprodukt.

Ta deg ei lyrisk vandring i det nyopna Olav H. Hauge-senteret eller diktarheimen på Rossvoll. Nyt utsikta og roen ved fjorden på ein av kafeane i bygda.

Utforsk bygda på sykkel eller frå ein kajakk på fjorden. Besøk turistinformasjonen i bygda, der du i tillegg til god informasjon, får kjøpt lokalproduserte varer.

Les meir om Ulvik HER


Avgang frå: Eidfjord sentrum


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Fra NOK 134

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF