HISTORISKE HALSNØY OG SKÅNEVIK

Fra NOK 213

Rosendal - Husnes - Sæbøvik/Halsnøy - Skånevik - Utåker - Rosendal.

På denne turen reiser du langs ytre deler av Hardangerfjorden. Bussen tek deg frå Rosendal til Husnes, der du har litt tid til å sjå på dei kjende keramikkinstallasjonane til Kjell Nupen eller gå ein tur til Opsangervatnet, før ny ein ny buss tek deg vidare gjennom den undersjøiske tunellen til landsbyen Sæbøvik på Halsnøy. Her har du ein god pause til å bli kjent i den hyggelege landsbyen, kanskje kjøpe ein bolle i bakeriet eller gå bort til båthamna.

Buss tek deg vidare til Halsnøy Kloster, som har ope for omvisingar juni-august. Her kan du oppleve og lære om Halsnøy Kloster som vart etablert allereie på 1100-talet.

Frå Halsnøy Kloster er det 2 km (30 minutt) å gå til kaia på Ranavik, der hurtigbåten tek deg til den vakre fjordbygda Skånevik. Skånevik vert kalla Bluesbygda pga. bluesfestivalen som vert arrangert kvart år. Her kan du også besøke bakeriet, den vesle øya Peparen eller Norsk Motormuseum (ope medio juni til medio august, tysdag til fredag kl. 11:00-16:00.

Så er det tid for ein ferjetur frå Skånevik over til Utåker, og frå Utåker tek bussen deg med langs fjorden tilbake til Rosendal.


Avgang frå: Rosendal kai


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Fra NOK 213

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF