ØYHOPPING I YTRE HARDANGERFJORD

Fra NOK 354

Rosendal - Sunde - Leirvik - Våge - Gjermundshamn - Rosendal.

Denne turar startar med buss langs Hardangerfjorden frå Rosendal via Husnes til Sunde. Frå Sunde går hurtigbåt til Leirvik på Stord. God tid på den hyggjelege fjordbyen Leirvik til for eksempel å besøke Sunnhordland museum, som er 10 minutt å gå frå kaia. Frå Leirvik går det buss vidare til Våge på gudeøya Tysnes, der du kan besøke Galleri Elisabeth eller nyte ein god lunsj på Mandelhuset.

Buss vidare over Tysnesøya, forbi Lundegrend, over Lukksund bru til Ølve og Gjermundshamn. Denne turen har flott utsikt over Hardangerfjorden. Ferje over Hardangerfjorden frå Gjermundshamn til Årsnes med fantastisk utsikt over Hardangerfjorden, fjell og Folgefonna i det fjerne. Buss frå Årsnes tilbake til Rosendal.


Avgang frå: Rosendal kai


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Fra NOK 354

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF