FOLGEFONNHALVØYA RUNDT

Fra NOK 299

Rosendal - Odda - Utne - Jondal - Mundheim - Rosendal.

Denne turen tek deg med buss frå Rosendal, langs fjorden forbi Ænes, den vakre Furebergfossen og gjennom Folgefonntunellen til Odda busstasjon. Ein pause i fjordbyen Odda før turen går vidare langs Sørfjorden, forbi flotte fruktgardar og bratte fjellsider opp mot Folgefonna Nasjonalpark på veg til Utne. På Utne vil du sjå ei sjarmerande bygd med historiske Utne Hotel frå 1722.

Buss vidare mot Jondal langs fjorden, gjennom vakre gardstun og fine bygder med dei karakteristiske skifertaka. Det er pause i nasjonalparklandsbyen Jondal før turen går over Hardangerfjorden med ferje til Tørvikbygd.

Frå Tørvikbygd går turen med buss utover langs fjorden gjennom fjordlandskapet mot Mundheim, der det er ein lengre stopp før ein ny buss til Gjermundshamn. På vegen til Gjermundshamn ser du dei høge fjella rundt Folgefonna på andre sida av fjorden. Ferje over Hardangerfjorden til Årsnes, via Varaldsøy og buss tilbake til Rosendal. 


Avgang frå: Rosendal kai


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Fra NOK 299

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF