FOSSEFALL OG RØLDAL STAVKYRKJE

Fra NOK 86

Odda - Røldal - Odda.

På denne turen reiser du frå Odda og oppover Oddadalen med fem majestetiske fossar, inkludert Strandsfossen, Tjødnadalsfossen, Vidfoss, den kjende Låtefossen og Espelandsfossen.

Det blir bussbytte på Seljestad. Deretter går turen over Røldalsfjellet. På veg ned til Røldal får du god tid til å nyte utsikta over fjella og Røldalsvatnet på veg nedover hårnålssvingane.

Når du kjem til Røldal, kan du ta ein omvising i den gamle stavkyrkja (15. juni til 31. august - inngangspengar). Kyrkja er kjent for sitt undergjerande krusifiks, som framleis heng over korbogen. Røldal var i mellomalderen eitt av dei viktigaste pilegrimsmåla i Noreg og helt fram til 1835, lengre enn nokon annan valfartsstad i Noreg. Kyrkja er rikt dekorert, og er framleis soknekyrkja for Røldal.

Turistinformasjonen i Røldal er open frå midten av juni til midten av august. Der har dei eit kart med korte turar og andre ting du kan gjere medan du er i Røldal.

Ta bussen tilbake til Odda. Bytt på Seljestad. Nyt utsikta nedover Oddadalen.


Avgang frå: Odda Busstasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Fra NOK 86

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF