RUNDTUR I HJARTA AV HARDANGERFJORDEN

Fra NOK 173

Odda - Utne - Kvanndal - Norheimsund - Jondal - Odda.

På denne rundturen langs Hardangerfjorden får du oppleva sjølve hjarta av Hardanger.

Reisa frå Odda til Utne tek deg med frå industriarv omkransa av fjell og nasjonalparkar til frukthagane i Hardanger. Etter kvart som du reiser på smale vegar og inn og ut av tunellar vil du få sjå frukthagane som lagar lappeteppe oppover i landskapet og fruktgardar som ligg trygt i bakkane. Har du lukka med deg, får du sjå niser som hoppar leikent i fjorden eller ein mektig ørn på jakt etter bytte. Du kjem også til å køyre forbi nokre av Noregs beste sidergardar.

Frå Utne fortset reisa med ferje over fjorden til Kvanndal. På ferja er det kafé og toalett. Deretter går turen vidare med buss til Norheimsund gjennom hjarta av Hardanger. Len deg godt tilbake og nyt turen!

I Norheimsund har du tid til ein beinstrekk. Det er matbutikkar og toalett i nærleiken av busstasjonen.

På den neste delen av turen går reisa frå Norheimsund via vakre Jondal tilbake til Odda. Du skal få oppleva nok ein ferjetur og to av Noregs lengste tunellar.

Buss nr. 930 frå Norheimsund går heile vegen til Odda. Bussen køyrer på ferje mellom Tørvikbygd og Jondal.


Avgang frå: Odda Busstasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.


 

Fra NOK 173

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF