OPPLEV HARDANGERVIDDA

Eidfjord - Dyranut - Eidfjord.

Denne turen tek deg frå Eidfjord til Dyranut på Hardangervidda. Nasjonalparken er den største i Noreg, med sine 3422 km2. Hardangervidda er eit eldorado for mellom anna vandreturar og fisking, og er Nord-Europas høgste høgfjellsplatå.

Etter om lag 40 min med buss så kjem du Dyranut; det høgaste punktet på Rv7 over Hardangervidda (1245 moh). Her finn du Dyranut Fjellstova, som ligg rett attmed busstoppet.

På Dyranut Fjellstova er dei behjelpelege med forslag til merka vandreturar, leiger ut kano og båt, og sel fiskekort (hugs å ta med eige fiskeutstyr). Du finn og ein koseleg kafé på fjellstova som er open frå 01. juni til 15. september, frå kl. 10.00 - 20.00.

Ein buss tek deg tilbake same vegen, og ned att til Eidfjord.


Avgang frå: Eidfjord sentrum


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF