BESØK FJELLBYGDA GEILO

Fra NOK 173

Eidfjord - Geilo - Eidfjord.

Denne bussturen tek deg over Hardangervidda; Nord-Europas største høgfjellsplatå. Hardangervidda har status som nasjonalpark, og byr difor på fantastiske naturopplevingar. Len deg godt tilbake og nyt utsikta frå bussen.

Etter om lag 2 timar kjem du til fjellbygda Geilo, som ligg midt på Bergensbanen, mellom Oslo og Bergen og langs Rv7. Bygda byr på spennande aktivitetar og opplevingar, for store og små, heile året. Her kan du nyte ein roleg og stille dag ute i det fri, gå på kafé eller restaurant, eller prøve ut ein aktivitet.

Ta turen til Geilo Sommarpark om du vil teste ut aktivetar (opnar 29. juni). Parken har eit mangfald av aktivetar som passar for heile familien. Kva med å sykle ned eit fjell eller å oppleva luftige svev? Sommarparken kan du lese meir om HER. Ta også ein tur innom turistkontoret i sentrum for meir informasjon.

Uansett kva du vil utforske på Geilo, så vil du få flotte naturopplevingar. Ein buss vil ta deg tilbake over Hardangervidda, og ned att til Eidfjord.


Avgang frå: Eidfjord sentrum


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.


 

Fra NOK 173

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF