Rundtur Stryn - Hellesylt - Stryn

Fra NOK 297

Stryn - Hellesylt - Stryn.

Denne bussturen tar deg frå Stryn til Hellesylt. Etter ca. 20 minutt køyrer bussen forbi Hornindalsvatnet. Vatnet er kjent for å vere Nord-Europas djupaste innsjø (514 m), og det har i alle år blitt fortalt historie om kva som finns i djupna. Kanskje du er heldig og får sjå ein sjøorm når du køyrer forbi?

Når du er framme på Hellesylt, har du mange moglegheiter for å fylle dagen din med spanande aktivitetar. Ein liten spasertur frå busstasjonen finn du Hellesyltfossen. Det er ein mektig foss, og er eit av dei mest fotograferte motiva i området. Fossen er spesielt imponerande tidleg på sommaren i den store snøsmeltinga.

Går du vidare, kjem du til Per Gynt-museet. Hovudformålet med galleriet er å presentere kunstnaren og treskjeraren Oddvin Parr (1933- 2010) og hans enorme trerelieff som går frå golv til tak. Alle trerelieffa har motiv henta frå den norske forfattaren Henrik Ibsen sitt verk «Peer Gynt».

Om du tar ein av dei tidlige bussane frå Stryn til Hellesylt, kan du ta ferja over til Geiranger. Geirangerfjorden er ein 15 kilometer lang arm av Storfjorden og er på UNESCO si verdsarvliste. Fjorden er ein av Norges mest populære attraksjonar, og gir deg ein spektakulær presentasjon av fjorden, fjella og dei mange fossane – Norges sjel.

Hugs å kjøpe tur/retur billett, og ver tilbake i Hellesylt i tid til bussen går tilbake til Stryn.
 

Du kan klikke her for å kjøpe billett til ferja. Dette bør gjerast på førehand.

Når du er tilbake i Stryn, full av nye opplevingar og inntrykk, sett deg på ei kafé og nyt eit godt måltid medan du ser på dei nye bilda dine og det yrande livet i gatene.


Avgang frå:  Stryn rutebilstasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

Fra NOK 297

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF