Ein veg Sogndal - Nigardsbreen

Fra NOK 195

Sogndal - Gaupne - Breheimsenteret - Nigardsbreen.

Denne turen går frå Sogndal til Jostedalen, med Breheimsenteret og Nigardsbreen.

I Jostedalen kjem du tett på isbreen og det mektige landskapet i nasjonalparkriket.

På veg til Jostedalen går bussturen langs stille, vakre Lustrafjorden som er om lag 40 kilometer lang. Fjorden er omringa av høge og bratte fjell, og frå fjella munnar fleire høge fossefall i fjorden. Den  mest kjende fossen er Feigefossen.

På strekninga passerer bussen ei rekke små fjordbygder som Hafslo, Solvorn og Marifjøra. Frå Gaupne køyrer bussen gjennom den spektakulære Jostedalen.

På Breheimsenteret er det turistinformasjon, lunsjrestaurant  og du kan lære om Jostedalsbreen og nasjonalparkriket, glasiologi og klima.

Jostedalsbreen er den største isbreen på europeisk fastland og den dekker 500 km2. Den gigantiske ismassen dekker både fjelltoppar og djupe dalar, og strekkjer seg ned med mektige armar med blåis ned mot Sognefjorden.

I Jostedalen er det mange aktivitetar å ta del i. Den største opplevinga er brevandring på isbreen med erfarne fjellfolk om våren og gjennom heile sommaren.  Den mest kjende breen er Nigardsbreen med daglege breturar, korte eller lengre turar. Det er og mogelegheiter for kajakktur, rafting og fjellvandring.

Du kan velje om du vil vitje Breheimsenteret eller om du vil fortsette direkte til Nigardsbreen. Vel du å stoppe på Breheimsenteret, tar du bussen 11:25 vidare til Nigardsbreen.

For meir informasjon om aktiviteter, overnattingsmogelegheiter, etc. sjå www.jostedal.com og www.sognefjord.no.


Avgang frå: Sogndal busstasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

Fra NOK 195

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF