Vandrebussen frå Aurlandsdalen

Fra NOK 48

Med «Vandrebussen» kjem du deg enkelt tilbake til Flåm og Aurland frå Vassbygdi eller Geiteryggen.

Frå bussen kan du sjå vatn, berg og dalar og kulturskattar som gamle gardar og stølar. Bussen køyrer blant anna gjennom Aurlandsvangen, kommune- og handelsenteret i Aurland, og passerer Turlidfossen. Bussen køyrer langs den vakre Aurlandsfjorden, der den gamle garden Otternes ligg under skårane og fjella. Dette er eit klyngetun med i alt 27 hus.

Merk! På enkelte strekningar og enkelte dagar kan det vere stor pågang på bussane i Aurlandsdalen og det kan bli nødvendig å sette opp fleire bussar. Ein må då rekne med at det kan ta litt tid før ekstra buss er på plass.

Andre strekningar
Ønsker du å ta Vandrebussen på andre strekningar, til dømes Vassbygdi - Geiteryggen, finn du denne mogelegheiten under turen "Vandrebussen til Aurlandsdalen".


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

Fra NOK 48

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF

Du kan ta Vandrebussen frå Geiteryggen, Østerbø eller Vassbygdi til Aurland eller Flåm. Pass på at du bestiller for rett strekning.



PRISAR PER STREKNING