Vandrebussen til Aurlandsdalen

Med «Vandrebussen» kjem du deg enkelt frå Flåm, Aurland eller Vassbygdi til Østerbø eller Geiteryggen som er gode utgangspunkt for vandringar i Aurlandsdalen.

På strekninga med buss frå Flåm til Aurlandsdalen passerer du flotte natur- og kulturattraksjonar. Først langs den vakre Aurlandsfjorden, der den gamle garden Otternes ligg under skårane og fjella. Dette er eit klyngetun med i alt 27 hus.

Bussen køyrer gjennom Aurlandsvangen, kommune- og handelsenteret i Aurland, og passerer også Turlidfossen før bussen går vidare til Vassbygdi som er ei tradisjonell gardsbygd og eit start- og endepunkt for vandreruta i Aurlandsdalen.

Tek ein bussen vidare oppover dalen får ein flotte naturopplevingar. Her er det vatn, berg, dalar og kulturskattar som gamle gardar og stølar. Det frodige dalføret går lenger oppe over til høgfjellsterreng.

Aurlandsdalen er vill og vakker, og rik på opplevingar frå høgfjellsterreng ned til frodige dalar yrande av liv. Her møtes mektige fjell, buldrande fossestryk, stille vatn, frodige lier med urter og edellauvskog, og eit fantastisk kulturlandskap.   

Langs den langstrakte dalen kan du vandre i fleire dagar i begge retningar med overnatting på turisthytte, eller du kan ta korte vandreturar i kombinasjon med busstur.

Gjennom dalen går den gamle ferdslevegen mellom Aust – og Vestlandet, som har vore viktig som transport og gjennomfartsveg. Den har kulturminne som fortel ei historie om rikt støls - og gardsliv gjennom tidene.

Merk! På enkelte strekningar og enkelte dagar kan det vere stor pågang på bussane i Aurlandsdalen og det kan bli nødvendig å sette opp fleire bussar. Ein må då rekne med at det kan ta litt tid før ekstra buss er på plass.

Andre strekningar
Ønsker du å ta Vandrebussen på andre strekningar, finn du fleire mogelegheiter under turen "Vandrebussen frå Aurlandsdalen".

For meir informasjon om vandringsruter, overnattingsstader etc. sjå www.sognefjord.no.

Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF

Du kan ta Vandrebussen frå Flåm, Aurland eller Vassbygdi og reise til Østerbø eller Geiteryggen. Pass på at du bestiller for rett strekning.



PRISAR PER STREKNING