Rundtur Sandane – Loen – Sandane

Fra NOK 377

Sandane - Byrkjelo - Loen - Byrkjelo - Sandane.

Denne turen tar deg frå Sandane via Byrkjelo til Loen. Bussturen i seg sjølv er ei oppleving og du får sjå det meste av det naturen i Nordfjord har å by på. Skog, fjord og fjell er nokre av høgdepunkta og alt dette vil du sjå frå bussvindauget.

Vel framme i Loen, finn du Loen Skylift på høgre side, ein spektakulær attraksjon og opplevingsarena. Dette er ei av dei brattaste svevebanene i verda, og ho tek deg frå fjorden og 1011 meter rett opp. Ei fantastisk oppleving for både store og små, og turen tar berre 5 minutt.

Om høgdeskrekken tar overhand, kan du leige sykkel ved Loen Active. Ta turen til nydelige Lodalen. Sykkelturen til Lodalen mellom høge fjell og det isblå brevatnet er noko som berre må opplevast. Kanskje det til og med fristar med eit bad i det iskalde brevatnet? Om eit bad ikkje freistar, men du vil sjå Lodalen frå vatnet, finns det moglegheit for å leige kajakk og kano ved dei fleste campingplassane.

På bussen på veg tilbake til Sandane, stoppar bussen på Byrkjelo. Der har du akkurat nok tid til å gå innom Baker Jon. Der sel dei nybakt brød og bollar, i tillegg til at butikken er full av lokale produkt.



Avgang frå: Sandane rutebilstasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

Fra NOK 377

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF