Rundtur Stryn – Loen – Stryn

Fra NOK 96

Stryn - Loen - Stryn.

Denne turen tek deg frå Fagre Stryn til den vakre bygda Loen og Lodalen. Du blir nesten stum av den vakre og mektige naturen.

Vi anbefaler å ta den tidlege bussen til Loen, då du treng ein del timar for å rekke over alt du vil sjå. Loen har mykje å by på, og det er lagt til rette for ein dag med mykje aktivitet og opplevingar.

Med ein gong du kjem til Loen, kan du på høgre side finne Loen Skylift, som er ein spektakulær attraksjon og opplevingsarena. Ei av dei brattaste svevebanene i verda tek deg frå fjorden og 1011 meter rett opp. Turen opp tar 5 minutt og er ei fantastisk oppleving for både store og små.

Om du er klar for ei større utfordring, kan du velje å klatre Via Ferrata opp til toppen. Det er ei klatrerute som tar om lag 5 timar, alt etter kor god form du er i. På toppen kan du nyte eit godt måltid og ei majestetisk utsikt.

Vel nede igjen i Loen, kan du leige sykkel ved Loen Active. Avslutt turen din i Loen med ein nydelig sykkeltur til Lodalen. Sykkelturen til Lodalen mellom høge fjell og det isblå brevatnet er noko som berre må opplevast. Kanskje det til og med fristar med eit bad i det iskalde brevatnet? Om det ikkje freistar å bade, men du vil sjå Lodalen frå vatnet, finns det moglegheit for å leige kano og kajakk ved dei fleste campingplassane.

I Loen finn du også fjellet Skåla. Dette er ein spektakulær topptur med utsikt over fjord, fjell og isbrear som tradisjonelt er rekna å være den toppturen i Noreg med størst høgdeforskjell frå fjord til fjell. Med dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjordnatur på alle kantar. Turen passar for deg som er normalt godt trent, og du må rekne om lag 8 timar frå fjord til fjell.

Når du er tilbake i Stryn, full av nye opplevingar og inntrykk, sett deg på ei kafé og nyt eit godt måltid medan du ser på dei nye bilda dine og det yrande livet i gatene.


Avgang frå: Stryn rutebilstasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

Fra NOK 96

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF