Rundtur frå Skei til Vassenden og Førde

Fra NOK 289

Skei - Vassenden - Førde - Skei.

Skei er ein vakker liten tettstad ved den nordaustlege delen av Jølstravatnet, like vest for Jostedalsbreen nasjonalpark. Dette området har blitt forma av isbrear og vatn i konstant bevegelse. Turen startar ved Cirkle K i sentrum.

Explore Sunnfjord har base ved brygga på Skei, og her er det utleige av båt, kajakk, syklar, SUP-board osv. Naustet midt i sentrum, ved Jølstravatnet, er også utgangspunkt for Bre og Fjell sine daglege guida turar til Haugabreen i Stardalen, Jølster.

Heimen til den kjende målaren Nikolai Astrup (1880 - 1928), Astruptunet, ligg på sørsida av Jølstravatnet. Nikolai Astrup fann inspirasjon og motiv til sine fantastiske verk i den omkringliggjande naturen. Det livgjevande vatnet som skjerer seg gjennom landskapet, dei vekslande årstidene og det skiftande lyset var ei konstant inspirasjonskjelde for Astrup. Naturen i området har ofte same effekt på besøkande.

Å køyra langs Jølstravatnet med buss er ei fantastisk oppleving. Då ser ein verkeleg kor fargane speglar seg i vatnet, og får god forståing for kor Astrup henta inspirasjon frå.

30 minuttar med buss frå Skei ligg Vassenden, der ein kan leiga kajakk, båt og fiskeutstyr ved Jølvassbu Camping (www.jolvassbu.no). Det er gangavstand frå busstoppet: forbi COOP, over brua og til høgre langs elva. Du kan og ta turen innom Jølstramuseet, eit privat museum med fleire hus som er over 400 år gamle.

Etter 20 minutt i buss frå Vassenden er de framme i Førde. Førde er ein liten småby med kafear, restaurantar, hotell og shoppingmogelegheiter.  
På heimturen frå Førde til Skei, kan du setja deg godt tilbake i setet og fordøya alle inntrykk; den flotte naturen langs Jølstravatnet og opplevingane i Vassenden og Førde.



Avgang frå: Skei terminal


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

Fra NOK 289

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF