Rundtur frå Skei til Svanøy

Fra NOK 833

Skei - Førde - Florø - Svanøy - Florø - Førde - Skei.

Denne turen starter med en busstur frå Skei til Førde. Bussturen går i eit vakkert landskap, blant anna langs Jølstravatnet, der ein kan sjå kor fargane speglar seg i vatnet. Du har litt tid i Førde før du tek bussen vidare til Florø. Førde er ein liten by med mogelegheiter for kafébesøk og shopping. I Florø har du og litt tid til å sjå deg rundt og finne vegen til Florø kai, der båten til Svanøy går i frå.

Svanøy, kjent som “Sunnfjords perle” er ei frodig øy med ei spennande historie.

Frå Florø seglar lokalbåten gjennom eit storslått landskap til Svanøybukt på Svanøy. Svanøybukt er ein møtestad for både lokale innbyggjarar og feriegjestar.

Historiske Svanøy Hovedgård ligg 10 minutts vandring frå Svanøybukt, og har gjennom tida vore både adelssete og bispegods.

5 km frå Svanøy Hovedgård ligg Norsk Hjortesenter, eit nasjonalt kunnskapssenter for hjort. Her kan du oppleve hjorten på nært hald!

I Svanøybukt er det både landhandel og kro. Her kan du få gratis kart over øya og leige sykkel. Ein sykkeltur på den frodige øya er ei flott oppleving! Ring gjerne til 57 74 00 29 for å reservere sykkel på førehand.

Like ved landhandelen ligg Svanøy Kro. Her kan du nyte lokalprodusert hjorte- eller lakseburger med råvarer frå Svanøy!

Når du kjem attende til Florø har du igjen litt tid før bussen går tilbake til Førde. I Førde blir det og ei kort pause før du tek bussen attende til Skei.


Avgang frå: Skei terminal


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

Fra NOK 833

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF