Kveldstur i Florø-skjergarden

Fra NOK 195

Florø kai - Florø kai.

Bli med lokalbåten på ein kveldstur i skjergarden rundt kystbyen Florø. Her kan du øyhoppe frå Florø til mange av dei sjarmerande øyane som ligg kring kystbyen. Ombord i lokalbåten kan du slappe av og nyte utsikta undervegs, eller om du ønskjer ei meir forfriskande oppleving kan du nyte utsikta ute på dekk.

Lokalbåten er livsnerven for lokalsamfunna på øyane. Mange av øyane er veglause, og lokalbåten bind samfunna saman ved å frakte både passasjerar, post og varer.

Båtturen tek deg innom mange øysamfunn, blant anna Batalden, Kinn og Reksta. Båten stopper der varer skal leverast, eller passasjerar skal av. Turen tek om lag 1 time og 45 minutt. Sjøfugl, havørn, kobbe og nise er eit vanleg syn på denne rundturen, så hald auga opne og kamera klar!


Avgang frå: Florø kai



Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.



 

Fra NOK 195

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF