Rundtur frå Florø til sagaøya Kinn

Florø kai - Kinn - Florø kai.

Denne turen tek deg med lokalbåt frå Florø mellom øyar og skjer ut til sagaøya Kinn. La deg bergta av øya, mellomalderkyrkja og den vakre naturen.

Etter at du stig i land på Kinn følgjer du vegen til høgre mot Kinnakyrkja, ei av dei eldste steinkyrkjene i landet. På grunn av restaurering er kyrkja stengt i 2019, men kyrkja er framleis eit vakkert syn ytst i havgapet.

Turen til kyrkja tek om lag 30 minutt å gå langs ein 1 km lang grusveg. Frå Kinnakyrkja kan du vandre mot det ruvande fjellet som er delt i to, Kinnaklova. Visst du tør kan du gå opp i Kinnaklova for å nyte utsikta. Nytt den same stien opp og ned frå Kinnaklova, og følg den merka stien gjennom skaret. Den merka stien tek deg tilbake til kaia der lokalbåten legg til. Turen rundt øya er 4 km og tek om lag 2 timar.

Merk! Du må ringe båten før kl.14.30 for å melde frå om at du skal vere med tilbake frå Kinn. Telefonnummer til båten finn du i venteskuret på kaia.


Avgang frå: Florø kai


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.



 

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF