Opplev historiske Sauda

Stavanger - Sauda - Stavanger.

Denne turen går med hurtigbåt og buss frå Stavanger til Sauda (måndag-torsdag) eller med hurtigbåt direkte til Sauda (fredag og sundag). Reisa startar frå Fiskepirterminalen i Stavanger og går inn fjordane til Sauda.

Byen er omkransa av hundrevis av små og store fjelltoppar, her er noko for alle. Skildring av turar kan ein få på turistkontoret. På ein varm dag er det mogleg å avkjøle seg på ei av mange badeplassar langs Saudafjorden. Sauda har også symjehall og eit utandørs heilårsbasseng som held 32 grader heile året.

I Allmannajuvet, langs Nasjonal Turistveg Ryfylke mot Saudafjellet, er det open kafé og guiding i gruvene på sommarstid. Opplev storslagen arkitektur og høyr historia om gruvedrifta. Ein tur ut til magiske Svandalsfossen er også å anbefale. Bestill transport via turistinformasjon, bil eller el-sykkel.

Sauda sentrum innbyr til hyggeleg handel, nyt gjerne eit måltid på ein kafé eller ein restaurant. Det er og fint å vandre i Åbøbyen, som er eit av dei best bevarte bustadområda for arbeidarar og funksjonærar som me har frå utbygginga av den kraftkrevjande industrien her i landet.

Besøk turistkontoret og få tips til kva ein kan gjere for å få mest mogleg ut av turen til Sauda.

Turen tilbake til Stavanger går anten med ein kombinasjon av buss og hurtigbåt (måndag-torsdag) eller direkte med hurtigbåt (fredag og sundag).


Avgang frå: Stavanger båtterminal (Fiskepirterminalen)


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.


 

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF