Fjordsafari til Sand

Stavanger - Sand - Stavanger.


Fjordsafari til fjordbygda Sand er den perfekte dagsturen for den som ynskjer å koma seg innover fjordregionen Ryfylke for å utforske storslåtte fjordar og høge fjell kombinert med idylliske fjordlandsbyar, kvardagsliv og små bortgøymde skattar.

Turen startar frå Fiskepirterminalen og tek deg nordover innover fjorden i retning Ryfylke. Ved å ta fjordvegen kan du nyte den ville vestlandsnaturen frå eit heilt nytt perspektiv, med ruvande fjell, fossar, blanke fjordar og rikt naturlandskap.

Etter omtrent to timar kjem ein fram til fjordbygda Sand som ligg i knytningspunket mellom Sandsfjorden, Hylsfjorden og Saudafjorden. Her kan ein spasere rundt i Sand sentrum der ulike lokale butikkar, museum og kafear er gøymd mellom kvite trehus tett på fjorden. Ein finn også eit kulturhus her, med ulike bileteutstillingar gjennom året og ei badestrand.

Me anbefaler også at du besøker Laksestudioet, Høsebrua og Ryfylkemuseet. 

Suldal Turistkontor held ope heile året og kan bli kontakta for meir informasjon om gode tips og opplevingar. Meir informasjon finn ein på www.visitsuldal.no.
 
Turen tilbake til Stavanger går med hurtigbåt frå Sand kai.


Avgang frå: Stavanger båtterminal (Fiskepirterminalen)


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.


 

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF