Opplev ein liten bit av Ryfylke

Fra NOK 222

Jørpeland - Hjelmeland - Tau - Jørpeland.

På denne turen reiser du med buss langs Nasjonal turistveg Ryfylke frå Jørpeland via Tau til Hjelmeland.

På Hjelmeland får du god tid til å utforske sentrum og attraksjonar. Me anbefaler ein tur opp til Hjelmen. Det er ein lett tur på ca. 1 time og frå toppen får du flott utsikt over Hjelmeland og Ryfylkefjordane. Ta med deg niste og nyt denne i gapahuken på toppen.

Ynskjer du å sjå litt meir av Hjelmeland vil me anbefale vandreruta "Skulp-turen". Den startar på Sande og du får blant anna sjå verdas største Jærstol, ei minnestøtte over falne i 2. verdskrig og fleire skulpturar, før du avsluttar turen oppe på Hjelmen. 

På ein fin dag er det herleg å ta seg ein symjetur i sjøen ved badestranda på Sande. Her kan du også slappe av og la ungane leike seg på stranda eller klatre i verdas største Jærstol.

Hjelmeland har eige spa-hotell. Nyt massasje eller ein tur i spabadet på Spa-Hotell Velvære. Her kan du og kose deg med ein god lunsj eller middag.

Frå Hjelmeland reiser du tilbake til Tau med hurtigbåt.


Avang frå: Jørpeland kyrkje


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.


 

Fra NOK 222

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF