BESØK VAKRE ULVIK

Fra NOK 86

Voss - Ulvik - Granvin - Voss.

Denne turen tek deg til bygda Ulvik, også kalla perla i Hardanger. Ulvik ligg inst i Hardangerfjorden, mellom høge fjell og snødekte toppar. Du kjem til bygda etter omlag ein time med buss frå Voss, og du får god tid til å utforske plassen.

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik. Ruta går langs tre gardar i bygda – Lekve, Syse og Hakastad, og alle byr på eigenprodusert sider og andre velsmakande gardsprodukt. Ta deg ei lyrisk vandring i Olav H. Hauge-senteret eller nyt roen langs fjorden.

Om sommaren og hausten er det flott å vandra i fjella, på godt merka turstiar. Du kan også utforske bygda på sykkel eller frå ein kajakk på fjorden. Besøk turistinformasjonen i bygda, der du i tillegg til god informasjon, får kjøpt lokalproduserte varer.

01. mai - 30. september: bussen køyrer til Ulvik om Skjervet og Espelandsdalen.

Les meir om Ulvik HER


Avgang frå: Voss stasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller – på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Kikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Fra NOK 86

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF

Reiserute

  1. Voss